Luftfartøyvernsenter
Det statlege ansvaret og engasjementet for fartøyvernet er først og fremst å ta vare på eit utval fartøy som er representative for den norske, maritime kulturarven.
Det blir særleg lagt vekt på den kronologiske, tekniske og funksjonelle breidda i utvalet. Dessutan skal fartøy frå heile kysten vere representerte.
Riksantikvaren gir økonomiske tilskot til antikvarisk istandsettjing og vedlikehald av verneverdige fartøy. Riksantikvaren kan òg frede fartøy eller gi fartøy ein formell status som «verna skip».
209 eldre fartøy har vernestatus gjennom frivillige avtalar med Riksantikvaren. 14 fartøy er freda, og 2 er midlertidig freda. Båtar som er eldre enn 50 år kan ikkje førast ut av landet utan løyve frå Riksantikvaren.
Fartøyvernet blir halde oppe av ein omfattande frivillig innsats. Den frivillige verksemda er i stor grad retta mot drift og vedlikehald av fartøy som er i aktiv bruk.
Fartøyvernsentra
Det er viktig å sikre handverkskompetanse for å ta vare på fartøya. Dette blir mellom anna gjort frå tre nasjonale senter for fartøyvern: Hardanger fartøyvernsenter i Norheimsund og Nordnorsk fartøyvernsenter og båtmuseum i Gratangen for bevaringsoppgåver knytt til fartøy av tre, og Bredalsholmen dokk og fartøyvernsenter ved Kristiansand for arbeid med stålskip.
Sentra har som hovudoppgåve å utføre større oppdrag knytt til dokumentasjon og restaurering av verneverdige fartøy, og å dokumentere og føre vidare viktige tradisjonar knytt til sjølve handverket.
Av de tre utpekte nasjonale Fartøyvernsentre er Bredalsholmen dokk i Kristiansand vernet av Riksantikvaren som et kulturminne.
Riksantikvaren har foreslått Fredning av Kjeller flyplass som et kulturminne. Begrunnelsen for dette er:
-
Kjeller flyplass utgjør et meget verdifullt kulturmiljø og som viser viktig samferdsels – , teknologisk – , sikkerhetspolitisk – og militærhistorie. Ved Kjeller flyplass kan en følge utviklingen fra de første flyforsøkene , og gjennom alle tekniske, politiske og organisatoriske endringer i norsk militær flygning fra 1912, til dagens høyteknologiske virksomhet. Kjeller flyplass er med sin kontinuerlige drift siden tidlig 1900 – tall og høye alder en av verdens eldste flyplasser.
Pr. I dag er det ca. 25 historiske fly som er operative på Kjeller.